Fredag 20. juni hadde Monica Skjelanger Reknes muntlig eksamen der ho presenterte masteroppgåva og vart spurt ut av to sensorar.
Ho har dei siste åra teke masterstudier ved sidan av jobben i lokalavisa Strilen i Nordhordland. Ho bur i Modalen.
Ofte har ho vore på samling i Bergen på dagtid, for så å rykke ut til hendingar i Nordhordland på kvelden.
– Kvifor ville du ta master?
– Eg bytta yrkeskarriere frå lærar og tenkte eg måtte ha fagleg tyngde som journalist. Det har vore heilt fantastisk nyttig. Her har eg lært utruleg mykje og har fått ei ny forståing på korleis eg oppfattar samfunnet. Emnene har vore lærerike og forelesarane veldig gode.
Har teke fire emne
Den erfaringsbaserte masteren i gravejournalistikk er den einaste i sitt slag i Norden. Mastertilbodet vart starta hausten 2021 med eit pilotstudium i samarbeid med NRK. Frå våren 2022 har alle kunne søkje til mastertilbod, som gradvis har bore bygd ut.
Her kjem journalistar, redaktørar og andre som leverer til redaktørstyrte medier til studier i gravejournalistikk. Studentane melder seg opp til eit semester om gongen. Monica har teke tre masteremne: Frå idé til publisering, kunstig intelligens og reportasjeleiing av graveprosjekt.
I tillegg har ho fått innlemma masterstudier frå andre fag i graden sin.
Prisar
Tidlegare i år fekk Skjelanger Reknes Polaris-prisens heiderlege omtale for ein dokumentar om bygda Modalen. Dokumentaren laga ho saman med kollega Henrik Rambjør Hauken.
Ho var i vår nominert i to kategorier til Gullparaplyen, som er NJ Bergens journalistikkpris.

Korleis kan ein vere sikker?
Det siste året har Skjelanger Reknes skrive masteroppgåve om noko som mange journalister og redaktører lurer på: Kor tid er faktagrunnlaget sikkert nok for at ei sak skal kunne publiserast?
Ho har intervjua journalister og redaktørar i tre redaksjonar som har jobba med gravesaker.
Ho gjorde ei rekke funn: kulturen i redaksjonen, journalistens posisjon og støtte frå leiinga har noko å seie for om ei sak vert teke vidare til gravesak.
Undervegs i arbeidet med saka var verifisering og kryssjekking av fakta den fremste arbeidsmetoden for å sikre at faktagrunnlaget var godt nok i det som skulle publiserast.
Ei utfordring er bekreftelsesfella, der journalisten legg større vekt på dei faktaene som stemmer med eigne forventningar.
Men Skjelanger Reknes fann at to mekanismer fungerer som vern som bekreftelsesfella: frykt for å gjere feil og krav til journalistisk integritet.
Før publisering oppstod det eit stort alvor i redaksjonen og eit behov for å vere «moralsk sikker». Journalister og redaktørar stilte sjølvkritiske spørsmål om dette verkeleg er verd å publisere.
Søvnlause netter
Journalistane opplever personleg stress og søvnlause netter der frykta ligg under: Er vi heilt sikre?
Saka blir publisert først når påstandane er sannsynliggjorte gjennom ein kombinasjon av dokument, video, lydopptak, bilete og vitneutsagn.
– Det er truverdet og det profesjonelle omdømmet som står på spel, seier ho.
– Lettare å gå vidare med saker
– Kva tek du med deg tilbake til jobben som journalist i Strilen?
– Eg bruker det eg har lært kvar dag. Før var det mykje vanskelegare å vite kvar eg skulle begynne på ei sak. Eg skjønar lettare korleis eg kan gå vidare. No ser eg også lettare at viss det kjem to ulike syn, kan begge ha noko rett.
– Korleis var eksamen?
- Eg synest alltid eksamen er kjempeskummelt, men sensorane var veldig hyggjelege.
– Inn i historiebøkene
Førsteamanuensis Lars Arve Røssland har vore programansvarleg på UIB for erfaringsbasert master. Han var også sensor for Skjelanger Reknes saman med Olav Njaastad.
– Du går inn i historiebøkene, seier han til då eksamen er over.
– Korleis er det å ha fått den første som er ferdig med erfaringsbasert master?
– Det er litt uverkeleg, for det har gått raskare enn vi såg føre oss. Det var fleksibiliteten i studietilbudet som var kjernen. Her kan ein ta eitt emne eller faktisk ei heil ta mastergrad. Monica har no bevist at det går an. Nokon tek eitt emne dei er rasande interessert i. Andre er med heile vegen. Det er kjekt og stor dag.

Rett på kveldsvakt
Rettleiar har vore forskar Fredrik Bjerknes.
– Han har vore fantastisk. Utan han hadde eg ikkje klart det, seier Skjelanger Reknes.
– Kva skal du no?
– På kveldsvakt, ler ho.