Hjem
Undersøkende journalistikk
Saker

Teknologi, kunstig intelligens og gravejournalistikk (UJO 668)

Illustrasjon: Pexels

Astrid Dalehaug Nordheim

Emnet ser på forholdet mellom teknologi og gravejournalistikken si samfunnsrolle. Emnet vil visa korleis moderne journalistisk relevant teknologi, som kunstig intelligens, har historiske røter. Det vil også ha ein etisk dimensjon, der teknologiens etiske og juridiske rammevilkår vil bli kritisk analysert.

Sidan dette er eit masterkurs, vert det forventa at kandidaten har ei sjølvstendig tilnærming til teoretiske og praktiske tema på faget, og at du viser god vurderingsevne i handteringa av stoffet.

Ny teknologi

Du skal diskutera kreftene bak teknologiutviklinga både muntleg og skriftleg. Kandidaten skal utvikla ei nyansert forståing av korleis ny teknologi, slik som generativ kunstig intelligens, gir gravejournalistikken både nye muligheiter og nye begrensingar. Kurset er basert på dialog mellom studentane og faglærararane. Me diskuterer korleis forholdet er mellom teknologi og samfunn, og dette gjer me ved hjelp av innføring i etablerte teoriar og praktiske utprøving. Me tek for oss journalistikken generelt og gravejournalistikken spesielt.

I eksamensoppgåva skal du diskutera kva slags krefter er det som styrer utviklinga av teknologiar for journalistikk. Kor stor påverknad har tekniske krefter som datamaskiner, internett og kunstig intelligens samanlikna med sosiale krefter som journalistisk etikk, lovverk og personvern?

Dette er vanskelege og fundamentale spørsmål som me skal gå djupt inn i, og som også skal avspegla seg i din prototype på eit graveprosjekt.

Læringsutbyte

  • Kandidaten blir utfordra til å danna seg meiningar om kva krefter som ligg bak utviklinga av stadig meir avansert teknologi og skriva ei sjølvstendig oppgåve innafor rammene av kurset.
  • I oppgåva vil du kunna gå inn i dei etiske og juridiske rammevilkåra for teknologibruk i Norge og internasjonalt.
  • Du vil også få ei forståing av dei historiske røtene til moderne teknologi med særleg vekt på framveksten av datamaskiner, internett, sosiale medier og kunstig intelligens-verktøy.

Praksis: Laga ein prototype

Du skal formulera eit praktisk forslag til korleis kunstig intelligens kan brukast i din redaksjon, tilpassa til dei tekniske og sosiale forholda du jobbar under. Kandidaten skal nemleg laga ein prototype på eit graveprosjekt som redaksjonen skal kunna satsa på, og prosjektet skal gjera bruk av kunstig intellingens-teknologi til datainnsamling og/eller presentasjon.

Ein prototype er eit forslag til eit framtidig produkt. Den består ikkje av mest mulig velutvikla journalistisk research, men av ein grunngjeven plan kvifor det er verdt å satsa på det foreslåtte produktet.

Du kan gjerne tenkja på dette som ein pilot eller, ein brif eller ein pitch, for desse begrepa overlapper kraftig med kva ein prototype er. Beskrivelsen må vera kort, tydeleg og lettfatteleg. Det kan vera lurt å bruka storyboards, teikningar eller andre typar visuell formidling.

Her er nokre viktige spørsmål knytt til prototypen:

  • Kva er målet for ditt gravejournalistiske prosjekt?
  • Kva slags tekniske operasjonar må utførast? Kva slags KI-verktøy bør brukast?
  • Kva slags ekspertise trengst? (journalistisk, teknisk, juridisk, medisinsk, etc.).
  • Kor stor arbeidsinnsats trengst?
  • Korleis bør prosjektet publiserast?
  • Kven er målgruppa?

Læringsutbyte

Du utviklar ei nyansert forståing av kva potensial kunstig intelligens har i gravejournalistikken:

  • Sidan du sjølv skal  laga eit forslag til ei ny tekno-journalistisk løysing, vil du få ei konkret forståing av korleis dataverktøy pregar journalistikken. Du lærer å formidla avanserte journalistiske og tekniske målsetjingar til eit interessert publikum.
  • Dei som skal vurdera prototypen må kunna sjå kva slags ressursar som trengst for å realisera den som eit produkt, og kva slags samfunnsnytte den kan føra til.
  • Du får ei nyansert forståing av kor mange faktorar som inngår i utviklinga av ny teknologi, og vil kunna få inspirasjon til å laga eigne prosjekt no og i framtida.
  • Me har med oss seks ekspertar på kunstig intelligens, gravejournalistikk og lovverk. Me har ein gjest med oss på kvar av dei seks dagane med undervisning. Desse ekspertane skal gje oss eit inntrykk av kva som skjer på sine fagområde, og hjelpa til med idédugnader og utviklinga av prototypar.

Folka

Lars Nyre er kursleiar. Han har ansvar for den teoretiske undervisninga, prototypinga og rettleiinga på eksamensoppgåva. Nyre er professor i mediedesign og teknologiteori ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB og leiar av det pedagogiske tiltaket TekLab.

Astrid Dalehaug Norheim er kurskoordinator. Ho har ansvar for den praktiske avviklinga av samlingane, ho inviterer gjester frå det gravejournalistiske fagfeltet og deltek i gruppearbeidet. Dalehaug Nordheim er høgskulelærar, koordinator av erfaringsbasert master i gravejournalistikk ved UIB og reportasjeleiar ved Senter for undersøkende journalistikk (SUJO).

Asbjørn Leirvåg er også kurskoordinator. Saman med Dalehaug Nordheim har han ansvar for å følgja opp studentane og gjesteforelesarane og bidra med støtte til gruppearbeidet. Leirvåg er høgskulelærar og reportasjeleiar ved Senter for undersøkende journalistikk (SUJO). Han har lang fartstid i TV 2.

Lasse Lambrechts er teknisk faglærar, og skal hjelpa deg å forstå potensialet i utvalgte tekniske hjelpemiddel for bruk av kunstig intelligens i journalistikk. Han har mastergrad i biologi frå Universitetet i Bergen og har arbeidd som journalist og utviklar i Bergens Tidende i mange år. Lambrechts er sentral i det fagmiljøet i BT som blir kalla "Bord 4".